Korleis kan regionale planar bidra til likestilling, inkludering og mangfald?
Representantar frå fylkeskommunar over heile landet var samla til rundebordskonferanse om likestilling og regionale planar.

Forrige veke vart det halde eit samarbeidsmøte på tvers av fylkeskommunar i landet for å finne gode løysingar på korleis LOS-plikta (likestillingsplikta for offentleg sektor) kan takast vare på og gjennomførast i regionale planar.
Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon opna konferansen og peika på at mange kjenner til likestillingsplikta, men at ho likevel ikkje blir følgt.
– Det skuldast ikkje vond vilje. Det kan vere ressurskrevjande, og det er mange som følgjer med på kva fylkeskommunane gjer. Men eg opplever at fylkeskommunane synest det er nyttig at nokon følgjer med og ser dei i korta, sa Thon.
Viktig å vere med frå start
Likestillingsplikta for offentleg sektor skal synleggjere om verksemder har fanga opp viktige likestillingsutfordringar, og korleis dei jobbar med desse.
Eit av punkta som skal inn i arbeidet med LOS-plikt er universell utforming. Og oppmodinga frå Bjørn Erik Thon var tydeleg: – Legg inn universell utforming i planane heilt frå starten. Kartlegg kva som kan vere ei likestillingsutfordring i eit prosjekt, til dømes ved bygging av ein ny vidaregåande skule. Vert prosjekta planlagt rett frå starten av, slepp fylkeskommunen kostbare endringar i etterkant.
Kva er eigentleg LOS?
Når vi snakkar om LOS, eller likestillingsplikta for offentleg sektor, er det lova som seier at offentlege verksemder skal omsetje prinsipp, prosedyrar og standardar for likestilling og ikkje-diskriminering til handling. Lova stiller få konkrete krav til korleis offentlege verksemder skal gjere dette, utover at det skal vere eit aktivt, målretta og planmessig arbeid.

Kurs, rettleiing og samarbeid
Vera Borgen Skjetne, seniorrådgivar i Bufdir, peika i sitt innlegg på at fylkeskommunane har eit enormt handlingsrom ved å byggje likestillingsplikta inn i planar og styring som allereie finst.
Bufdir har digitale kurs som passar for tilsette og leiarar i fylkeskommunar, kommunar og elles i offentleg sektor. E-læringskursa gir tilsette og leiarar konkrete døme og verktøy for å bruke eit likestillings- og mangfaldsperspektiv i arbeidshverdagen. Kursa er opne for alle.

Frå fagplaner til tverrfaglege regionale planar
Eit av hovudbodskapa i presentasjonen frå Signe Opsahl, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune, var behovet for å gå frå smale fagplanar til meir heilskaplege og tverrfaglege planar. Målet er å fremje god livskvalitet og likeverdige moglegheiter for alle, gjennom satsing på sosial utjamning, psykisk og fysisk helse, og inkluderande lokalsamfunn.
Opsahl vektla særleg kor viktig det er at alle har like rettar og reelle moglegheiter til å delta i samfunnet – uavhengig av bakgrunn, funksjonsevne eller livssituasjon. Dette krev tiltak som favnar breitt og involverer både kommunar, frivilligheita, akademia og næringslivet. Som det vart understreka i presentasjonen: «Det er berre handlingane som tel.»

Linn Iren Engemyr Knutsen, prosjektleiar i Agder fylkeskommune, fortalte at ei av dei største utfordringane har vore at tidlegare planar har innehalde mange ambisiøse, men lite målbare mål. Dette har gjort det vanskeleg å følgje opp og måle framgang.
Fylkeskommunen jobbar no med ein revidert plan som skal vere meir konkret og handlingsretta, i tråd med likestillingsplikta for offentleg sektor. I arbeidet har dei involvert både ungdom, kommunar, frivillige og fagmiljø, og det har vore tydeleg at behovet for konkrete tiltak er stort. Det vart òg understreka at gode haldningar og trygge nærmiljø er avgjerande for å fremje likestilling, og at strukturelle utfordringar – som ubevisst diskriminering og rasisme – framleis er reelle hinder som må takast på alvor.
