Vi feirar at berre ja betyr ja

Det er historisk at vi i Noreg endeleg får ein reell samtykkelov som byggjer på ein berre ja betyr ja-modell, seier ombod Bjørn Erik Thon.

En mann med briller og et ark i hånden står på en scene foran Stortinget. Ved siden av han står teksten: JA - endelig samtykkelov!

I går debatterte Stortinget den nye lova, og vi deltok på markeringa til Samtykkealliansen på Eidsvolls plass. Stortinget skal offisielt røyste over lova i dag, 6. juni.

– Den nye lova vil fange opp tilfelle der personen snur seg bort, græt og seier nei, eller der ein frys til og vert passiv, anten av sterk frykt eller «tonisk immobilitet». Dette er mekanismar som oftare rammar kvinner enn menn, og som oftare rammar personar som allereie har erfaring med overgrep. No vil slike tilfelle kunne verte dømde som valdtekt.

– Dette er ei utruleg viktig endring. Tala talar for seg sjølve: Éin av fem kvinner i Noreg har vorte utsett for valdtekt, og 3 prosent av menn. Dette er eit alvorleg samfunns-, likestillings- og folkehelseproblem.

Konkret tyder lovendringa:

  • Seksuell omgang utan samtykke i ord eller handling er valdtekt (kan straffast med fengsel i inntil 6 år).
  • Seksuell omgang med nokon som i ord eller handling uttrykkjer at dei ikkje vil, er valdtekt (kan straffast med fengsel i inntil 10 år).

Dei nye endringane vil bringe norsk lov i tråd med grunnleggjande rettsprinsipp og menneskerettar, og vil vere i samsvar med tilrådingane frå FNs kvinnekomité. Noreg er det einaste landet i Norden som ikkje har hatt eit samtykkebasert straffebod, og heile 19 europeiske land har allereie ei slik lov.

– Vi meiner òg at den nye lova vil ha ein førebyggjande effekt ved å bidra til haldningsendring, og gjere det enklare å formidle kva valdtekt er. I dag er det svært mange unge som får informasjon om sex gjennom porno og internett. Dette bidreg til ein seksualkultur der mange unge er usikre på kvar grensene går. Mange av dei seksuelle krenkingane skjer blant ungdom og unge vaksne, seier Thon.

Eit tydelegare lovverk kan gjere det lettare for den enkelte å forstå kvar grensa for det straffbare går. På denne måten vil den føreslåtte lovteksten i større grad vere i tråd med legalitetsprinsippet.

– No forventar vi eit tydeleg løft for seksualitetsundervisninga i skulen. Dette vil vi kjempe vidare for.