Slik tilset du fleire personar med funksjonsnedsetjing
Likestillings- og diskrimineringsombodet si nylanserte verktøykasse skal hjelpe arbeidsgivarar å ta steg i riktig retning før tilsetjing, under utveljing og vurdering av kandidat, og etter tilsetjing.

– Denne verktøykassa består av seks ulike rom som er fulle av nyttige råd og tips. I tillegg inneheld ho ei rekkje caser og oppgåver, og saker som har vore oppe i Diskrimineringsnemnda, seier likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon.
Personar med funksjonsnedsetjing er ei stor og ueinsarta gruppe med ulike utfordringar og behov. Arbeidstilknytinga for personar med funksjonsnedsetjing som gruppe har vore stabilt låg over tid.
Over 105 000 personar med funksjonsnedsetjing står utanfor arbeid, men ønskjer seg inn. Kva kan dette handle om? Kanskje handlar det om uvisse og fordommar? Kanskje opplever arbeidsgivarar at dei tek ein risiko ved å tilsetje nokon med funksjonsnedsetjing? Kanskje fryktar dei økonomisk belastning?
– Hensikta med denne verktøykassa er å gi arbeidsgivarar god rettleiing og nokre konkrete verktøy å jobbe etter. Eg har tru på at meir kunnskap, i tillegg til nyttige råd og tips ein finn i denne verktøykassa, kan gjere det litt mindre «skummelt» å tilsetje nokon med funksjonsnedsetjing, seier jurist i ombodet og prosjektleiar for utviklinga av verktøykassa, Andreas Erichsen.


