Feira den internasjonale dagen for romar

Ombodet var med då den internasjonale dagen for romar vart markert 8. april

Likestillings- og diskrimineringsombodet var med  på Romano Kher si feiring av den internasjonale rom-dagen, onsdag 8. april. Dagen, som vart skipa til i 1991 – 20 år etter den første store romkongressen i London i 1971, blir markert for å feira romanes språk, kultur og levesett.

– Dagen vart nytta til feiring og til viktige markeringar. Fleire løfta fram viktig arbeid som framleis står att, som til dømes innsatsen mot antisiganisme, siger Natasha Telson, seniorgivar råd i Likestillings- og diskrimineringsombodet.

Norske romar har sidan 1999 hatt status som ein av Noregs fem nasjonale minoritetar- ein status dei deler med jødar, kvener/norskfinnar, skogfinnar og romanifolket/taterar.

Likestillings-og diskrimineringsombud Bjørn Erik Thon prater for en forsamling.

Historia til dei norske romene er også prega av utestenging, diskriminering og undertrykkings- noko dåverande statsminister Erna Solberg (H) i 2015 bad om unnskyldning for på vegner av norske regjeringa for rasismen og ekskluderingspolitikken norske romar vart utsett for gjennom fleire tiår.

– Ombodet jobbar for å setje ned ein sannings- og forsoningskomissjon for dokumentere historia til norske romar og motverke antisiganisme og diskriminering av norske romar i dag. I fjor arrangerte vi eit frukostseminar der partia frå Stortingets kommunal- og forvaltningskomité vart invitert. Representantar frå det romske miljøet fekk høve til å fortelje politikarane om korleis det er å vere norsk rom i dag. Møtet leidde til eit representantforslag på Stortinget om ein handlingsplan mot antisiganisme. Dessverre fekk ikkje forslaget fleirtal på Stortinget, men på markeringa i år ser vi at fleire politikarar er positive til å jobbe med å sikre eit fleirtal for eit liknande forslag, seier Telson.

I dag bur dei fleste norske romar i Oslo og Lørenskog kommune. I tillegg til dei norske romene finst det, i Noreg, eit mangfald av romske menneske og grupper med bakgrunn mellom anna frå Romania, og flyktningar frå tidlegare Jugoslavia og Slovakia, og etterkommarane deira. I tillegg er det til kvar tid fleire tusen tilreisande romar som delar av året oppheld seg i Noreg for å tene pengar- hovudsakleg på grunn av djup fattigdom, arbeidsløyse og diskriminering i dei respektive heimlanda sine.  Under arrangementet heldt Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon halde appell der han mellom anna adresserte det norske romar blir utsett for i dag:

– Norske romar har ei lang historie i Noreg. Det er ei historie om undertrykking, om å bli fråteken kulturen sin og om diskriminering. I dag er norske romar kanskje den enkeltgruppa som blir utsett for mest diskriminering. Det skjer på nær sagt alle livsområde; i arbeidslivet, på bustadmarknaden, i butikkar og på utestader. I ei undersøking oppgir ein tredel at dei har eit negativt syn på romar. Vi kan ikkje akseptere at folk blir behandla slik norske romar blir, sa Thon. Heile appellen les du her.