Ombodet på Pride
Her finn du oversikt over tilboda vi har under Oslo Pride i år

Under Oslo Pride er LDO til stades for å styrkja rettane til alle som blir utsette for diskriminering og for å bidra til eit trygt og inkluderande samfunn. Gjennom ope saksmottak på Pride House, stand i Pride Park, og introduksjon til rettleiaren vår “Diskrimineringsvern for transpersonar” stiller vi med rettleiing, informasjon og støtte både til deg som treng råd i konkrete saker og til deg som ønskjer å lære meir om korleis Likestillings- og diskrimineringsombodet jobbar for å ivareta rettar etter likestillings- og diskrimineringsloven.
Vi veit at juni er høgsesong for hatefulle ytringar og hatkriminalitet mot skeive. I år følgjer vi ekstra godt med på kommentarfelt på nett. Ser vi nokre ytringar som kan vera straffbare, vil vi vurdere å melde. NRK har omtalt prosjektet her
Ombodet på Pride
LDO arrangerer ope saksmottak på Pride House 22.juni og 23. juni frå klokka 14.00 til 18.30 begge dagar.
Saksmottaket er gratis, lågterskel arena der du kan få rettleiing og svar på det du lurer på.
Rådgivarane våre lyttar, gir informasjon om lovverket og kan gi deg råd til korleis du kan gå vidare med ei sak. Du bookar tid ved å venda deg i vår infostand i foajeen på Legenes hus.
Om ikkje desse tidspunkta passar, eller du føretrekkjer å heller snakka på telefon, kan du uansett ta kontakt på 40 02 33 50. Der gir vi gratis råd og juridisk rettleiing i saker som gjeld diskriminering og trakassering. Vi har ope måndag til torsdag 12:30-14:30 og fredag 09:00-11:00. Rettleiarane våre er tilgjengelege for samtalar inntil 20 minutt. Du kan vera anonym og vi bestiller tolk ved behov.
Vi har teieplikt!
Ombudet i Pride Park
Vi har stand i Pride Park frå onsdag 24.til laurdag 27.juni, kl. 15.00 til 19.00
Kom innom for ein prat! Vi byr på kjærleik på pinne, og mykje nyttig informasjon!
Arrangement: «Diskriminert? Dette vet vi om transpersoners diskrimineringsvern»
Vi gir ein introduksjon til rettleiaren vår Diskrimineringsvern for transpersonar og går gjennom relevant praksis på feltet. Arrangementet er på Legenes hus onsdag 24. juni 2026 kl. 11.00 til12.00.
Adresse: Christiania Torv 5, Oslo (Eyr).
Er du utsett for hatkriminalitet og usikker på om du skal melda? Eller er du kanskje usikker på om det du er utsett for er hatkriminalitet?
På nettsida hatkriminalitet.no finn du kontaktinformasjon til advokatar som hjelper deg gratis om du treng hjelp til å vurdere om du skal melde, eller om du er usikker på om det du har opplevd er hatkriminalitet. Prosjektet er eit samarbeid mellom organisasjonane som er knytt til Hatkrimnettverket.



