Ei kvinne kontakta Likestillingsombodet med spørsmål om ho kunne krevje at arbeidsgjevar dekka reise til hennar mann avdi ho skulle på tenestereise medan ho framleis amma.

Likestillingsombodet svara at ein ikkje har krav på at arbeidsgjevar dekkjer utlegg for mann og barn, sjølv om det kan vere naudsynt at dei følgjer med for at kvinna skal gjere jobben sin. Dersom det er viktig for arbeidsgjevar at kvinna reiser, vil det vere et argument for at arbeidsgjevar dekkjer utlegga. I motsatt fall må arbeidsgjevar akseptere at kvinner som ammar ikkje kan reise, utan at dette får negative konsekvensar for kvinna.

Saksnummer: 2003/214
Emne: amming, tjenestereise, ledsager
Klager: kvinne
Lovanvendelse: § 3.0