Likestillings- og diskrimineringsombodet ber dei store hotellkjedene om ei oversikt over kva rutinar dei har i samband med at dei nektar å ta imot gjester av anna etnisk opphav. Det gjer ombodet etter at to kvinner med asiatisk bakgrunn vart nekta rom på eit Oslo-hotell.

Hotellet i sentrum av Oslo handla i strid med både likestillingslova og diskrimineringslova då to asiatiske kvinner vart nekta rom. Det har både ombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda uttala.

Dei to kvinnene vart avvist fordi dei bur i Oslo-området. ”Kvifor søv de ikkje heime,” spurde resepsjonisten då dei to ville ha rom. Flyet deira til London var blitt kansellert, og kvinnene ynskte å vera turistar i eigen by. Hotellet sa til kvinnene at årsaka til at dei vart nekta var retningsliner som skal sikre at ”narkomane og horer” ikkje tar inn på hotellet og skaper ubehag for andre gjester. Hotellet seier seg lei for hendinga, men viser samstundes til skriftlege retningsliner dei har for å handtera gjester som byr på særlige utfordringar.

Den eine kvinna klaga til Likestillings- og diskrimineringsombudet. Ho følte at ho vart avvist fordi ho var kvinne og utanlandsk. Kvinna får medhald frå nemnda i dette.

I brevet til dei store hotellkjedene minner ombodet om lovene for likestilling og mot diskriminering. I brevet ber ombodet om at hotella har rutinar og skriftlege retningsliner for når dei tilsette kan avvise gjester som ynskjer å bu på hotellet.

- Vi ber om at hotella gjev oss ei oversikt over om dei har retningsliner for å avvise gjester. Vi ynskjer også å vite om dei fører protokoller, og eventuelt på kva grunnlag gjester kan bli nekta. Vi spør og om dei tilsette vert orientert om at skjønnsutøvinga i saker der gjester vert nekta er avgrensa av regelverket mot diskriminering, seier leier for juridisk avdeling hos Likestillings- og diskrimineringsombodet Elisabeth Lier Haugseth.