Likestillingspolitikken er klasseskeiv

- Norsk likestillingspolitikk har ei slagside knytta til klasse. Jo mindre makt og påverknad du har i samfunnet, jo mindre nyt du godt av likestillingtiltaka, seier ombod Sunniva Ørstavik. Torsdag var Likestillingsutvalet si ferske utgreiing tema på frukostmøte hos ombodet.

- Likestillingspolitikken er blitt utforma for langt frå ulike typar folk, seier ombodet, som er overbevist om at politikarane no ikkje kan la vere å ta dei store grepa som utvalet foreslår.

- I dag er det dei diskriminerte som ber byrda, og det har få eller ingen konsekvensar å diskriminere. Eg vil berømme utvalet for å foreslå utradisjonelle tiltak, på tvers av den sosialdemokratiske modellen vi har lagt til grunn til no.

Blei overraska

Leiar Hege Skjeie fortel at utvalet blei overraska av det dei fant i arbeidet med utgreiinga.

- Vi blei blant anna overraska over kor tung kjønnsdelinga i delar av utdanningssytemet er. Jenter har sørga for betre balanse høgare opp i systemet, de har søkt seg til tradisjonelt mannsdominerte felt, som medisin. Men gutar går ikkje andre vegen. Kjønna utdanningar styrkjer ein kjønnsdelt arbeidsmarknad, som får konsekvensar for lønn og pensjon.

Utvalget blei satt ned i 2010, og leverte den fyrste utgreiinga "Struktur for likestilling", i fjor haust. Tysdag kom del to: "Politikk for likestilling".

- Likestillingsfeltet er prega av mainstreaming. I det ligg det at likestilling er et hensyn så viktig at det må bli integrert i alle område og alle ledd av verksemder.  Men dette er også dei makteslause sin strategi, fordi folk utan kompetanse skal integrere likestillingsperspektivet i alt dei gjer.

Sjå bilete får møtet her.