Møter leiinga i Forsvaret

Fredag møter Likestillings- og diskrimineringsombodet leiinga i Forsvaret. På agendaen er Forsvaret sitt arbeid for meir mangfald.

- Vi veit at Forsvaret står overfor ei rekkje utfordringar på området, for eksempel lav rekruttering av kvinner, og mobbing og trakassering av kvinner, seier Elisabeth Lier Haugseth, nestleiar i ombodet.

Speiler ikkje mangfald

Forsvaret er tydelege på at dei ynskjer eit større mangfald, og dei har også starta ei rekkje tiltak for å auke mangfaldet, blant anna med tanke på kjønn, etnisitet og religion.

- Dei har starta kampanjar om haldningar og leiing, opplæring av tillitsvalde, og ulike forskingsprosjekt, seier Lier Haugseth.

Likevel kjem ikkje dei gode resultata. Kvinneandelen i militære stillingar i Forsvaret er berre åtte prosent. Ei undersøking viser også at det er ein tredobla risiko for å oppleve seksuell trakassering eller uønskt seksuell merksemd som kvinne i Forsvaret, samanlikna med andre yrker.

- Forsvaret erkjenner utfordringane. Eg ser fram til å høyre meir om kva dei gjer, og eg vil utfordre dei på å tenkje nytt, seier Haugseth.

Haugseth har med seg kollega Lars C. Kolberg. Han er seniorrådgjevar i ombodet, og ansvarleg for arbeidet med likestilling i staten.

Aktivt likestillingsarbeid

Forsvaret har som offentlige myndigheit og arbeidsgivar ein plikt til å arbeide aktivt og systematisk for å fremme likestilling og hindre diskriminering.

Som arbeidsgjevar og utdanningsinstitusjon har Forsvaret også ein rettsleg plikt til å søke å hindre og førebygge seksuell trakassering, og trakassering på grunn av kjønn, etnisitet, og nedsett funksjonsevne.