Frå omsorg til menneskerett
- Eg er nøgd med at Noreg ratifiserer FN-konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Samstundes er eg svært bekymra for at regjeringa si tolkningserklæringar skal svekkje vernet for dei med psykiske lidingar, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.
Tysdag var Ørstavik på stortingshøyringa om CRPD, som Noreg omsider ratifiserer. CRPD er ein FN-konvensjonen som skal sikre rettane til personar med nedsett funksjonsevne, og som Likestillings- og diskrimineringsombodet får tilsynsansvar for. LDO skal sjå til at myndigheitene gjennomfører bestemmingane i konvensjonen.
- Det er gledeleg og på tide. Eg forventar at ratifiseringa vil gjere at Noreg ser på behandlinga av personar med psykiske lidingar. Bruken av tvang er høg i Noreg samanlikna med andre land og det er store geografiske skilnader. Det er problematisk i lys av dei føringane konvensjonen gir, seier Ørstavik.
Ikkje i tråd med intensjonane
LDO er kritiske til regjeringa si tolkningserklæringar. Den noverande bruken av tvang overfor menneskje med psykiske lidingar kan ikkje forsvarast i lys av CRPD og heller ikkje legitimerast av dei tolkningserklæringane regjeringa har foreslått.
- Vi veit at personar med alvorlege psykiske lidingar er særleg utsette for å bli fråteken autonomi og retten til sjølvbestemming. Derfor må ratifiseringa av CRPD også få konsekvensar for praktiseringa av den psykiske helsevernlova og bruken av verjemålslova.
Verdsdagen for psykisk helse
Onsdag markerer ombodet verdsdagen for psykisk helse.
- Vi forventar at norske myndigheiter endrar tolkningserklæringane og gir full annerkjennelse av grunnleggande menneskeretter også til folk med psykiske lidingar. Fokus på menneskerettar og antidiskriminering må erstatte det einsidige helse- og omsorgsperspektivet, og det skal eg følgje med på at ratifiseringa av CRPD bidrar til, seier Ørstavik.