- Gi far eigen rett til permisjon

Mange tusen fedre har ikkje rett til å ta ut fedrekvota fordi mor ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.
- Far blir diskriminert med dagens regelverk.  Dette viser at myndigheitene framleis  ikkje ser på far og mor som likeverdige omsorgspersonar, seier nestleiar hos Likestillings- og diskrimineringsombodet, Elisabeth Lier Haugseth.

Dagsavisen fortel i dag om Mikael André Dyrdal som ikkje får ta ut fedrekvota fordi barnet si mor ikkje har opptent rett til foreldrepengar. Då hjelper det lite at han sjølv har jobba og betalt skatt i 18 år. Fedrane er avhengige av at mor har jobba i seks av dei siste 10 månadane, eller går ut i aktivitet som jobb, studier, deltek ved introduksjonsprogram, eller på grunn av sjukdom ikkje kan ta seg av barnet.


- Vi er svært nøgde med at vi endelig har fått ei tredeling av foreldrepermisjonen. Men etter 20 år med fedrekvote er det totalt uakseptabelt at far framleis er avhengig av mor sin aktivitet for å ha rett til eigen foreldrepermisjon. Fedre burde for lengst ha fått eigen uttaksrett, seier Lier Haugseth.

Lovbrudd

Far sin rett til fedrekvote er avhengig av at både mor og far har tent opp rettar til foreldrepengar. Det vil seie at både mor og far har vore i lønna arbeid i seks av dei siste 10 månadane før fødsel. Det er og føresetnaden for å kunne ta ut fedrekvoten på 14 veker.
Kravet om at mor er i aktivitet som vilkår for far sitt uttak av foreldrepenge, stiller kvinner og menn ulikt ut frå at dei er av ulike kjønn, ettersom det ikkje er stilt tilsvarande krav til far sin aktivitet som vilkår for mor sitt uttak av foreldrepermisjon.

Far har ikkje rett til fedrekvote eller annan permisjon når mor til dømes er heimeverande, er arbeidsledig, eller av anna grunn ikkje kan byrje i arbeid att. Ein slik grunn kan vere at ho har hatt ei midlertidig stilling som vart avslutta før eller undervegs i permisjonen.
- Vi meiner dette er i strid med likestillingslova, seier Lier Haugseth. Ombodet stadfesta dette i ei uttalelse i juni i år (ombodets sak 12/340).

6000 får ikkje permisjon.

Om lag 6000 fedre fell utanfor retten til fedrekvote og deling av foreldrepermisjonen.
 – Det må bli ei endring av regelverket. Det harmoniserer ikkje med viktige prinsipp om at mor og far er likeverdige omsorgspersonar, seier Lier Haugseth.


– Det er mykje fint med heile permisjonsordninga, den bidreg til at mor og far får vere både omsorgsperson og arbeidstakar. Men på dette punktet verkar den såpass uheldig for mange fedre og familiar. Dei som til sjuande og sist tapar på regelverket slik det er no, er ikkje berre fedrane, men og borna, seier ho.


Å oppretthalde kravet om mors aktivitet for at far kan ta ut permisjon  kan føre til at kvinner tar ut meir av foreldrepermisjonen og menn mindre, noko som ikkje er i tråd med målet for regelverket. Å gi far rett til uttak av foreldrepermisjon utan å stille krav til mors aktivitet, kan bidra til å auke kvinner si deltaking i arbeidslivet. Da vil mor vere reell arbeidssøkjar og auke mogelegskapen til å få arbeid.


- Vi meiner dette vil bidra til ein aksept for at både kvinner og menn tar ut foreldrepermisjon.. Eit kjønnsnøytralt regelverk vil dessutan vere  i tråd med likestillingspolitiske mål om eit likestilt foreldreskap og anerkjenning av fedre som omsorgspersonar på line med mødre, seier Lier Haugseth.