Fleire saker om religion
I 2015 fekk ombodet 61 saker om diskriminering på grunn av religion. I 2013 var talet 31.
- Eg trur førespurnadane om diskriminering på bakgrunn av religion vil auke i åra som kjem, seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.
Fleire førespurnader frå arbeidsgjevarar
I 2015 fekk ombodet 61 saker om religion, mot 41 i 2014 og 31 i 2013.
Mange førespurnader gjeld forhold i arbeidslivet, mellom anna
- bruk av hijab saman med uniform
- fri på religiøse høgtidsdagar
- stillingsannonsar med krav til tro eller samlivsform
Ombodet får også fleire førespurnader frå arbeidsgjevarar som ønskjer å vite meir om krava som gjeld, og om korleis dei kan tilretteleggje for religion i si verksemd.