Serviceerklæring
Serviceerklæringa skildrar kva brukarane kan forvente av Likestillings- og diskrimineringsombodet. Vi har som oppgåve å kjempe mot diskriminering og vere ein pådrivar i arbeidet for likestilling og mangfald.
Forbodet mot å diskriminere handlar om usakleg forskjellsbehandling på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller ein kombinasjon av desse grunnlaga. Ombodet har også ansvar for å føre tilsyn med Noregs etterleving av tre FN-konvensjonar:
- Kvinnekonvensjonen (CEDAW)
- Rasediskrimineringskonvensjonen (CERD)
- Konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD)
Alle kan vende seg til oss
Ombodet skal vere lett tilgjengeleg for dei som vendar seg til oss. Enten du har blitt utsett for diskriminering sjølv, vil hjelpe nokon som har opplevd diskriminering eller du søkjer informasjon om rettar og plikter, så kan du kontakte oss. Du kan også vende deg til oss med tips om saker du meiner vi bør engasjere oss i. Sjå også vår personvernerklæring for meir informasjon.
Slik tek du kontakt med oss
Du kan kontakte oss for gratis råd og rettleiing på telefon, brev, e-post eller ved oppmøte. Vi held også kurs og foredrag om rettar og plikter. Dersom saka di inneheld sensitive personopplysningar, vil vi oppfordre deg til å bruke vårt elektroniske kontaktskjema. Vi gir ikkje rettleiing på e-post. Viss du ringjer oss for å få rettleiing, vil resepsjonen sette deg i kontakt med ein rettleiar. Du har krav på svar på førespurnaden din seinast innan tre veker. Dersom du har behov for tolk i møte med oss, skaffar vi det. Alle medarbeidarar hos oss har teieplikt. Les meir om kontakt og opningstider her.
Dersom du ikkje er fornøgd med LDOs service, ber vi om at du tek kontakt med oss her.