Torsdag 3. desember er internasjonal dag for personar med nedsett funksjonsevne.

 

Lite har skjedd for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet dei siste åra. No trengs det eit løft. Sidan regjeringa Brundtland i 1992 la fram attføringsmeldinga har alle regjeringar hatt som mål å få fleire personar med nedsett funksjonsevne i arbeid. Dette arbeidet har ikkje lykkast.

55 prosent av menneske med nedsett funksjonsevne er framleis utan jobb. Av desse er det 92 000 som  ynskjer jobb, men som ikkje får det til.


- Både statlege verksemder og arbeidsgjevarar må ha konkrete strategiar for å opne døra inn i arbeidslivet for personar med nedsett funksjonsevne, seier likestillings og diskrimineringsombod Beate Gangås.


- Alle arbeidsgjevarar bør for eksempel kalla inn minst ein kvalifisert søkar med nedsett funksjonsevne til intervju.

 

Tung CV – ingen jobb


Beate Birkenfeldt (41) er ei av dei mange som slit med å finne jobb. Ho er høgt kvalifisert jurist og har lang erfaring som juridisk forskar innan helserett. Sidan mars i år har ho søkt 40 jobbar, men erfarer at ingen vil tilsetje henne. Birkenfeldt sit nemleg i rullestol og er sterkt rørslehemma.


- Eg trur det har med fordommar å gjere. Skepsisen mot funksjonshemma som arbeidstakar er inngrodd. Det som skuffer meg aller mest er at arbeidsgivarar i offentleg sektor legg for dagen slike haldningar, seier Birkenfeldt.


 

- Ei haldningsendring må til


Ei undersøking gjort av MMI/ Synnovate for Nasjonalt dokumentasjonssenter for personar med nedsett funksjonsevne i 2006 viser at synshemma med førarhund og rullestolbrukarar kjem nedst på lista over kven ein arbeidsgivar vil kalle inn til intervju.

Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås oppfordrar arbeidsgjevarar til å gjera noko med haldningane sine.


- Det å ha nedsett funksjonsevne  er ikkje det same som å vera sjuk, skrøpelig og ergo dårleg arbeidskraft, seier Gangås.


Ho ynskjer seg meir kunnskap om diskriminering og tiltak som skal motverke diskriminering inn i den lovpålagte HMS (Helse, miljø og sikkerheit) –opplæringa.

- No må offentlege myndigheiter bruke si marknadsmakt og innføre reglar om bruk av antidiskrimineringsklausular ved inngåingar og tildelingar av kontraktar og avtalar, oppfordrar ombodet.