Kvitrar på jobb
Carl Fredrik Riise og Ragnar Lie sin jobb er å rettleie folk som meiner dei er blitt diskriminert. Riise og Lie har laga #dagenseksempel og #telefonvakt på Twitter, for å gje informasjon om ombodet sitt arbeid.
- Eg ønskjer å vise det varierte bilete av kva slags førespurnader vi får. Det eksisterer ein myte om at vi er eit kvinneombod. Eg opplever ein heilt anna verkelegheit når eg har telefonvakt. Det vil eg fortelje om, seier Riise.
Inspirasjon frå Operasjonssentralen i Oslo politidistrikt, som kvitrar på @oslopolitiops, var viktig da han starta kvitringa for to månader sidan.
- Som rettleiar og telefonvakt i ombodet får vi eit innblikk i diskriminering som rammar folk i samfunnet vårt. Det er viktig for oss å formidle, seier Ragnar Lie, som raskt blei med på Riise sin idé.
Mange historier om diskriminering
Både Riise og Lie er juristar. Meldingane på Twitter viser at dei gir rettleiing i mange forskjellige saker.
Her er nokon eksempel frå dei siste dagane:
- “Det er vanligvis både kjønns- og aldersdiskriminering når en arbeidsgiver søker etter moden kvinne #dagenseksempel”
- “Hvis bygningsmyndighetene nekter ombygging for tilpasning til funksjonsnedsettelse kan det være indirekte #diskriminering. #dagenseksempel”
- “I gang med #telefonvakt igjen. Dagens første gjaldt spm om tilrettelegging av arb.tid etter foreldreperm. Henviste til Arbeidstilsynet.“
- “En sak fra i går viste noen av følgene av et manglende fokus på uu av IKT-systemer i arbeidslivet. Ikke god samfunnsøkonomi! #telefonvakt”
Riise og Lie gjer ei vurdering av kva slags stoff dei legg ut på Twitter. Alle meldingar er generelle og anonyme.
Følg dei på Twitter: @CFredster84 og @ragnarlidarende