- Ein siger
Det skal bli enklare å endre juridisk kjønn.
Det skal ikkje lenger bli stilt krav om ein bestemt diagnose eller om medisinsk behandling for å få endra juridisk kjønn. Det skriv regjeringa i ei pressemelding.
Juridisk kjønn er det kjønnet ein person er registrert med i Folkeregisteret.
- Dette er ei sak vi i ombodet har jobba med lenge, og eg er glad på vegne av alle dei som det nå blir det enklare for å endre juridisk kjønn. Dette er ein siger, seier ombod Hanne Bjurstrøm.
I dag krev helsemyndigheitene at personar som har ein annan kjønnsidentitet enn den dei er fødde med, må gjennomgå hormonell behandling og sterilisering for å kunne endre juridiske kjønn.
Dette kravet meiner LDO er diskriminerande. I 2014 behandla vi ei klage frå John Jeanette Solstad Remø om dette, og konklusjonen var at hos blei diskriminert av norske helsemyndigheiter.