Ombodet konkluderte med at dei rutinane Vågå kommune har utarbeide for vinterdrift ikkje er i tråd med kravet til universell utforming.

I ein del av kommunen blir det brøyta først ved 10 cm snøfall. Dette er ikkje tilfredstillande, slik ombodet ser det.

Ombodet meinte heller ikkje det vil være uforholdsmessig inngripande for kommunen å brøyte oftare i dei sentrumsnære bustadsområda i kommunen. Ombodet la stor vekt på at det her er snakk om ein offentleg myndigheit, og at det er viktig at det stilles krav til at myndigheitene følgjer kravet til universell utforming. Ombodet meinte også at effekten av betre snørydding ville bli stor.

Saksnummer: 09/326
Lov: Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven
Dato: 13. oktober 2010

SPØRSMÅL OM UNIVERSELL UTFORMING AV VEGAR OG GATER I KOMMUNE VINTERSTID

Likestillings- og diskrimineringsombodet viser til klage av 18. februar 2009

Klagaren meiner retningslinene til Vågå kommune om snøbrøyting er i strid med kravet til universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9. Klagaren viser til at kommunen har vedteke ei tiltaksgrense på 10 cm på kommunale vegar utan gangfelt eller fortau.

Ombodet har vurdert saka, og konkluderer med at Vågå kommune gjennom retningslinene bryt plikta til å sikre universell utforming av dei kommunale vegane i Vågåmo sentrum, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 tredje ledd. Brot på plikta er diskriminering, jf. diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9 fjerde ledd.

Utsegn frå ombodet kan klagast inn for Likestilings- og diskrimineringsnemnda innan tre veker frå det tidspunktet Vågå kommune fekk brev frå ombodet, sjå orienteringa som er lagt ved brevet.

Bakgrunn i saka

Vågå kommune er ein av mange kommunar i Noreg, kor det kan kome mykje snø om vinteren. Å ta seg fram på vinterføre kan vere problematisk for mange menneske, spesielt for menneske med nedsett rørsleevne

Vågå kommune har i drifts og vedlikehaldskontrakten 2008- 2013 vedteke ei tiltaksgrense for kor mykje snø det kan kome på vegane i kommunen om vinteren, før snøbrøyting blir sett i verk. Kommunen har også utført ein stadformingsplan for sentrum av Vågå. Tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne har vore prioritert. Føremålet har vore  å betre tilkomst til bygningar, parkeringsplassar og funksjonar i sentrum av Vågå. Tiltaksgrensa på dei ulike vegane er fastsett etter stigningsgraden på vegane. Vegar med helling har ei tiltaksgrense på fem cm, vegar utan helling har ei tiltaksgrense på ti cm. I sentrum av sjølve Vågå er tiltaksgrensa fem cm. I dei sentrumsnære bustadområda, som denne klaga gjeld ( det såkalla ”Vågåmo sentrum”) er grensa satt til ti cm.

Tiltaksgrensa er vedteken av kommunestyret, og diskutert i hovudutvalet for teknisk, landbruk og naturforvaltning. Klagaren meiner brøytekriteria til Vågå kommune gjer at personar med nedsett rørsleevne får problem om vinteren. Klagaren reagerer på at det i sentrumsnære bustadområde, gater utan gangfelt/fortau, må kome heile ti cm snø før brøyting skjer. Klagaren viser til at det i heile kommunen er ca 15 km gater, kor det er ti cm tiltaksgrense.

Han klager ikkje på brøytinga i sjølve sentrum, kor kommunen har vedteke fem cm brøytegrense. Han viser til at fem cm snø gjer det utfordrande med rullestol, men at dette går på eit vis. Når det kjem ti cm snø er det heilt umuleg å ta seg fram. Han viser blant anna til at han vinteren 2009 ikkje makta å kome seg til si eiga postkasse 100 meter frå bustaden. Klagaren meiner Vågå kommune gjennom dei vedtekne brøytekriteria bryt plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.

Vågå kommune viser til at kommunestyret  har vedteke ”Drift og vedlikehaldskontrakten 2008-2013 som stadfestar retningsliner/ tiltaksgrense for når brøyting skal skje. . Kontrakten har  retningsliner for brøyting av vegar, gater, gang/sykkelvegar, fortau og parkeringsplassar. Det er blitt gjennomført ei anbodskonkurranse for vegvedlikehaldet, der tiltaksgrensene for brøyting var ein del av føresetnadene.. I store delar av sentrum vil tiltaksgrensa vere 5 cm. Vegar utan helling vil ha ti cm tiltaksgrense. Dette gjeld for det såkalla ”Vågåmo sentrum”.

Kommunen viser til at det ved fastsetjing av grensene blei diskutert korleis det ville bli å kome fram på vegane for alle grupper i Vågå. Både dei med rullestol, og dei med rullator var med i diskusjonen. Det måtte settes ei grense ut frå ei heilskapleg vurdering av framkomst og økonomi. Tiltaksgrensa blei derfor satt til ti cm i Vågåmo sentrum, og fem cm i sjølve sentrum kor det er fleire folk.

Kommunen viser til at vedelikehaldskostnaden på veg auka frå 1,3 millionar i 2008 til 3,3 millionar i 2009. Kommunen viser også til at han har innført ei rutine, kor entreprenøren skal prioritere vegar kor ein veit det bur folk med nedsett rørsleevne. Kommunen meiner  at dei har valt ei ”nest beste løysing”. Kommunen meiner at å endre tiltaksgrensa frå ti cm til fem cm i Vågåmo sentrum vil koste 350 000 kroner ekstra i året. Kommunen har innhenta prisoverslag frå entreprenør Skogen AS  som viser dette. Kommunen hevdar han ikkje har råd til desse kostnadene innanfor det gjeldande budsjettet.

Rettsleg grunnlag

Ombodet kan gi utsegn om eit forhold er i strid med diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf. diskrimineringsombudsloven § 3 tredje ledd, jf. § 1 andre ledd nr. 3.

Spørsmålet i denne saka er om  kommunen bryt plikta til å sikre universell utforming etter diskriminerings- og tilgjengelighetslovens § 9. Offentlege og private verksemder som blir brukt av allmenta har ei plikt til å sikre universell utforming av verksemda si alminnelege funksjon. Gjennom fysisk tilrettelegging skal flest muleg få tilgang til lokala til verksemda. Det er i utgangspunktet i strid med lova at det blir laga eigne inngangar, område eller liknande for bestemte grupper.

Plikta til universell utforming fell bort dersom gjennomføringa av tiltaka er ei uforholdsmessig byrde for verksemda, sjå § 9 tredje ledd. I den konkrete vurderinga må ein vege effekten og verdien av tilrettelegginga  opp mot kostnader og anna belastning som tilrettelegginga kan føre med seg. Lovgjevar har bestemt at det særleg skal leggjast vekt på:

1. tilrettelegginga si effekt for å byggje ned funksjonshemmande barrierar (nytte versus kostnad)
2. om funksjonen til verksemda er av offentleg art
3. dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga
4. ressursane til verksemdene
5. omsynet til tryggleik
6. omsynet til vern

Sjølv om det er ei uforholdsmessig byrde å sikre universell utforming har verksemda uansett plikt til å sikre best muleg tilgjenge til verksemda innanfor dei rammene som ikkje er uforholdsmessige.

Vurderinga til ombodet

Vågå kommune er ei verksemd som har plikt til å sikre at hovudløysingar i verksemda er universelt utforma etter diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9. Vegane i kommunen er ei slik hovudløysing. Kommunen skal leggje til rette dei delane av verksemda som blir brukt av allmenta (befolkninga i ein kommune, kundar eller andre) på ein slik måte at flest muleg, uavhengig av eigne føresetnadar, kan bruke  lokale, offentlege plassar, gater osv. Plikta til universell utforming omfattar heilt klart å gjere offentlege gater og vegar tilgjengelege, også om vinteren, når det kjem snø. Dette følgjer av forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven, jf Ot.prp. nr 44 (2007-2008) s. 127. Om vinteren vil tilgang til gater og vegar omfatte snøbrøyting.

Er gatene og fortaua i de sentrumsnære bustadområda (Vågåmo sentrum) universelt utforma?

Om vinteren må utgangspunktet for universell utforming vere at ein skal kunne krevje at det skal vere muleg for folk flest å ta seg fram på gater og vegar. Ombodet meiner gatene i Vågå kommune vil vere universelt utforma vinterstid dersom kommunen har rutinar for snøbrøyting som gjer det muleg å ta seg fram. Dette sett i samanheng med ressursane til kommunen, og kor mykje snø det er snakk om.

Denne klaga gjeld dei områda kor kommunen brøyter først ved ti cm snøfall. (det såkalla ”Vågåmo sentrum”) Ombodet vil såleis ikkje vurdere konkret om det er i strid med plikta til universell utforming, å brøyte ved fem cm snø.

Det følgjer av temaheftet til Statens vegvesen til handbok 111 ”Standard for drift og vedlikehold” s. 26-262 at

”… Gang- og sykkelveg og fortau skal være gjennombrøytet innen kl. 0600. Ved snøfall mellom 0600 og 2200 skal brøyting igangsettes når snødybden er 3 cm… Målsettingen for brøytingen er at det aldri skal være mer enn 3 cm løs snø på arealene, de skal være fremkommelig for fotgjengere og det skal være mulig å trille barnevogn på fortauet/gangbanen i perioden…”

Vågå kommunen har vedteke retningsliner/tiltaksgrense om at det skal bli brøyta først når det er kome fem cm i sentrum, og ti cm i dei sentrumsnære bustadområda. Statens vegvesen tilrår i utgangspunktet å brøyte ved tre cm snø. Ombodet meiner også at det vil vere vanskeleg for mange rullestolbrukarar å kome seg der dei skal, med eit snøfall på mellom fem og ti cm.

Ombodet finn derfor at gatene og fortaua i Vågåmo sentrum ikkje er universelt utforma om vinteren.

Vil krav om universell utforming vere uforholdsmessig?

Ombodet må så vurdere om det vil vere ei uforholdsmessig byrde å sikre universell utforming av gatene og fortaua i dei sentrumsnære bustadområda i Vågåmo sentrum Det er Vågå kommune som må bevise at det vil være ei uforholdsmessig byrde å gjere vegane og fortaua universelt utforma om vinteren.
I vurderinga av om det er uforholdsmessig å krevje universell utforming skal det leggjast vekt på bl.a. effekten av tilrettelegginga, og om verksemda er av offentleg art. Kostnader til utbetring er også eit moment i vurderinga.

Vågå kommune har innhenta eit kostnadsoverslag frå Skogen entreprenør, som viser at det vil koste 350 000 kroner å endre tiltaksgrensa frå ti cm til fem cm i heile kommunen. Kommunen hevdar at dei på bakgrunn av kostnadane ikkje har økonomi til å endra tiltaksgrensa i forhold til gjeldande budsjett. Ombodet ser at 350 000 kroner i ekstra kostnadar til vintervedlikehald er mykje for ein liten kommune som Vågå. Ein må likevel sjå kostnadene ved snøbrøyting i samanheng med den effekten økt snøbrøyting vil ha for personar med nedsett rørsleevne. Effekten av å endre tiltaksgrensa til fem cm for eit større område vil bli stor. Eit slikt tiltak vil gjere det lettare for mange av innbyggjarane, og da spesielt rullestolbrukarar i kommunen å bevege seg i gatene om vinteren.

Denne saka gjeld også universell utforming av offentlege vegar og gater, kor folk bur og oppheld seg. Det er viktig at det er muleg for absolutt alle, uavhengig av funksjonsevne, å kunne ta seg fram i gatene også om vinteren. Dette gjeld også i sentrumsnære bustadområde, som det såkalla ”Vågåmo sentrum”, og ikkje berre i sjølve sentrum av Vågå. Ombodet understrekar at det følgjer av aktivitetsplikta i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at offentlege styresmakter skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme formålet i lova. Det er såleis viktig at særleg offentlege verksemder vel universelt utforma løysingar. I denne saka betyr det at ein må kunne krevje at det blir stilt krav til at ein offentleg etat, som Vågå kommune, vedtek retningsliner for snøbrøyting, som gjer at også rullestolbrukarar og andre med nedsett rørsleevne, kan røre seg ute om vinteren. Her har kommunen vedteke retningsliner, som gjør det vanskeleg for rullestolbrukarar å ta seg fram ute om vinteren. Klagar har sjølv vist til at det var vanskelig for han å hente post, besøke naboen, og gjere andre daglegdagse gjeremål sist vinter. Ombodet meiner dette er noko kommunen bør ta ansvar for, og gjere noko med.

Ombodet ser at Vågå kommune hevdar dei har vald ein ”nest beste løysing” ved å innføre ein rutine kor entreprenøren skal prioritere dei vegane kor dei veit det bur folk med rørslehemmingar fyrst. Kommunen har ikkje lagt frem meir dokumentasjon på at dette blir gjennomført i praksis. Ombodet finn derfor ikkje grunn til å leggje avgjerande vekt på dette.

Ombodet meiner også Vågå kommune, gjennom tiltaksgrensa på ti cm, har lagt seg på eit nivå som ligg under det ein kan akseptere når det gjeld snøbrøyting. Slik ombodet ser det, vil det vere svært vanskeleg for ein rullestolbrukar å bevege seg i område kor det er kome nesten ti cm snø. Dei vedtekne retningslinene fører dermed til at mange rullestolbrukarar i Vågå kommune vil vere hindra i å ta seg fram i mange av gatene om vinteren, når det kjem mykje snø.

På bakgrunn av dette finn ombodet at det ikkje vil vere ei uforholdsmessig byrde for kommunen å endre tiltaksgrensa til fem cm snø i eit større område av kommunen enn det som gjeld i dag.

Konklusjon

Ombodet konkluderer med at Vågå kommune, gjennom dei vedtekne retningslinene for snøbrøyting, bryt plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9.

Ombodet sine utsegn er ikkje rettsleg bindande. Ombodet vil likevel anbefale Vågå kommune å endre tiltaksgrensa for snøbrøyting til fem cm, i eit større område av kommunen.

Dersom Vågå kommune ikkje rettar seg etter ombodets utsegn vil ombodet vurdere å bringe saken inn til vurdering hos Likestillings- og diskrimineringsnemnda. Nemnda kan treffe vedtak om at det er brot på plikta til universell utforming, jf. diskrimineringsombudsloven § 7. Nemnda har også kompetanse til å pålegge stansing, retting eller andre tiltak. Dersom Vågå kommune ikkje følgjer eit pålegg frå Likestillings- og diskrimineringsnemnda, kan nemnda påleggje kommunen å betale ei laupande tvangsmulkt fram til forholdet blir ordna.