Aktivitets- og utgreiingsplikt (ARP)

Aktivitets- og utgreiingsplikt for arbeidsgivarar (ARP) pålegg alle norske verksemder å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering. ARP er eit førebyggjande arbeid som skal forhindre diskriminering. Arbeidet skal òg skjerpe merksemda om likestilling, slik at personalpolitikken blir betre tilpassa ein mangfaldig arbeidsstokk. ARP kan på mange måtar samanliknast med HMS-arbeidet som skal forhindre arbeidsulykker og uforsvarleg arbeidsmiljø.

Kvinnelig kollega peker på en tavle med post-it lapper, mens andre kollegaer sitter rundt et bord og noterer og skriver på PC. Foto

Kvifor har vi ARP?

Det er systema og rutinane vi held oss med, som diskriminerer, ikkje berre dårlege haldningar hos enkeltpersonar. ARP pålegg arbeidsgivarar å gå gjennom rutinar og praksisar som kan verke diskriminerande eller utgjere barrierar mot likestilling. Førebygging er rett og slett meir effektivt enn straff eller reparasjon. Ei diskrimineringssak kan vere øydeleggjande for den som blir utsett for det, men også for verksemda. Alle partar er tente med at førekomsten av diskriminering er låg.

Det individuelle diskrimineringsvernet legg ansvaret for å seie frå på den som har blitt diskriminert. ARP plasserer ansvaret for å hindre diskriminering hos arbeidsgivarane og verksemdene som har høve til å skape endring. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med representantar for dei tilsette/tillitsvalde.

Click here to visit our English site about the employers activity duty and the duty to issue a statement.

Mangfald er bra

Stadig meir forsking peikar i retning av at mangfald på arbeidsplassen er bra også for verksemda. Å jobbe systematisk med å tiltrekkje seg og behalde ein meir mangfaldig arbeidsstyrke vil ofte vere ein fornuftig strategi. Dette er heilt uavhengig av lovkrava. Det er viktig at likestillingsarbeidet blir gjennomført sjølv om det ikkje skulle vise seg økonomisk lønnsamt i ein gitt situasjon. Vi jobbar med likestilling fordi det er rett og rettferdig. Ofte vil vi få med auka lønnsemd og betre oppgåveløysing som ein bonus!

Du finn meir detaljert informasjon i faktaboksane under.