Professor Asbjørn Kjønstad ble i dag tildelt Karl-Evang-prisen for 2007. Prisen ble delt ut under det årlige Evang-seminaret som i år hadde tittelen ”Pyskiatri og farlighet”.

Professor dr. juris Asbjørn Kjønstad ved Universitetet i Oslo fikk prisen for sin rettsvitenskaplege pionerinnsats innan sosial- og velferdretten. Særleg har komitéen lagt vekt på arbeidet hans med å oppnå velferd og rettstryggleik for dei svakaste gruppene i samfunnet.

”Kjønstad har utført eit særs viktig nybrottsarbeid. Ved sida av det vitskaplege arbeidet har Kjønstad bidratt meir enn vanleg i den offentlege utgreiingsverksemda. Gjennom forsknings- og utgreiingsverksemd har Asbjørn Kjønstad gitt uvurdelege bidrag i utviklinga av eit stort og livskraftig miljø i trygde-, helse- og sosial- og velferdsrett på universiteta, høgskulane og innan offentleg forvalting”, heter det i uttalelsen fra komiteen som deler ut prisen. Leiar av komiteen som er oppnemd av Satens helsetilsyn, er professor Aslak Syse ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo.

Karl Evang-prisen blir tildelt årleg til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg framifrå innsats for å fremje enten folkehelsa og sosiale forhold knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i helse- og sosialtenesta eller opplysningsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige helse- og sosialpolitisk spørsmål.