Saknar klar tale om likelønn

Likelønskommisjonen fremja i fjor forslag om ein likelønspott på tre milliardar for å minska lønsforskjellane i offentleg sektor. - Det er synd at regjeringa ikkje har følgt opp forslaga, seier Mona Larsen-Asp i LDO.

Likelønn har stått på den politiske dagsordenen i 50 år. Likevel er lønsforskjellen framleis 15 prosent og har auka, snarare enn å minska dei siste åra.

 AP vil ikkje forplikta seg

Då Unio tysdag 18. august kalla inn eit tungt politikarpanel for å diskutera likeløn, ville framleis ikkje barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt gå inn for ein likelønspott på tre milliardar.
- Me ønskjer å leggje likeløn sterkare til grunn i oppgjera som kjem, sa Huitfeldt, og la til at ho trur at eit opplegg for likelønn vil koste mykje meir enn tre milliardar kroner.

 Tvil og lovnadar

SVs partileiar Kristin Halvorsen lova derimot å slåss for ein likelønspott i ein eventuell ny raudgrøn regjering. Men utan LO og fagbevegelsen med på laget, tvilar Halvorsen på at saka om ein likelønspott kan vinnast.
- For å tetta lønsgapet må det vera aksept hos LO og i mannsdominerte yrke for eit ekstra løft for kvinnedominerte yrke, sa Halvorsen.

Høgre- leiar Erna Solberg tviler på at LO vil gå inn for ein likelønspott og snakkar heller om ein kompetansepott enn ein likelønspott. Ho meiner at auka løn vil gjera det lettare å rekruttera meir kompetent personell til offentlege tenestar, noko som igjen vil gje betre kvalitet til brukarane.

- Lønsforhandlingar ikkje nok

Det kjønnsdelte arbeidsmarknaden har stor skuld i lønsforskjellane her i landet. Noreg har framleis ein av dei mest kjønnsdelte arbeidsmarknadane i Europa. 70 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor er kvinner.

 


- Det er mykje som tyder på at ikkje lønsforhandlingane i seg sjølve er nok til å oppnå likelønn, seier underdirektør Mona Larsen-Asp i LDO.

 - Me håper at den nye regjeringa etter valet denne hausten kastar seg over likelønskommisjonen sine seks gode forslag frå  fjorårets NOU.

Gå til www.bevisstvalg.no for meir saker relaterte til haustens stortingsval.