Ønskjer likestillingsløft

I Dagbladet laurdag foreslår Anniken Huitfeldt at Arbeidsdepartementet får ansvaret for likestilling. - Det viktigste er fyrst og fremst at alle departement faktisk tar det ansvaret for likestillings- og antidiskrimineringsarbeid som dei allereie er pålagt, seier ombod Sunniva Ørstavik.

Anniken Huitfeldt ynskjer ein debatt om kor ansvaret for likestilling skal liggje, og foreslår Arbeidsdepartementet. 

- Ja, vi treng eit politisk taktskifte på likestillingsfeltet, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

- Men det må skje i alle departement, og det må skje på alle diskrimineringsgrunnlag, ikkje berre på kjønnsfeltet, seier ho.

Ørstavik etterspør eit løft for eit overordna likestillingsarbeid. Ho meiner Likestillingsutvalet sin rapport, som vart lagt fram i november i fjor, dannar eit godt grunnlag for dette.  

- Utvalet foreslår viktige grep som må til for å få bukt med dei store likestillings- og diskrimineringsutfordringane i Noreg i dag. Utfordringane vi står overfor visar og at det er behov for friske middel, seier Ørstavik.