Handlingsplanar mot vald

I går lanserte Justis- og beredskapsdepartementet ein rettleiar for kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.

- Det er bra at dette har kome på plass. Det er mange kommunar som ikkje har eigne handlingsplanar mot vald i nære relasjonar, sjølv om departementet fleire gonger har oppfordra til dette. Eg håpar dette er det sparket dei treng for faktisk å få på plass ein aktiv politikk mot overgrep som rammar så mange i samfunnet vårt, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Hensikta med rettleiaren er å styrkje samhandlinga mellom kommunale instansar slik at resultatet blir best mogeleg hjelp til valdsutsette.

- Mangel på samhandling er eit problem mange har opplevd. Mange av dei som tek kontakt med ombodet fortel nettopp dette. At kvinnene som tør å seie ifrå om vald og trakassering, møter eit hjelpeapparat som samarbeider for dårleg, seier Ørstavik.

16 dagar – 16 krav

Ombodet gjennomfører no ein 16 dagars kampanje mot vald, der vi kvar dag vil fremje eit krav til myndigheitene. Kravet i dag er at regjeringa må tydeleggjere den lovfesta plikta styresmaktene har til å førebyggje mot kjønnsbasert vald og trakassering.

Ombodet trur at fleire aktørar vil kunne gjere eit meir aktivt, systematisk og målretta arbeid for å få slutt på valden dersom den lovpålagte plikta som offentlege styresmakter har til å fremje likestilling blir konkretisert til å omhandle ei plikt til å «førebyggje diskriminering, seksuell trakassering og trakassering på grunn av kjønn, hatvald og kjønnsrelatert vald». Likestillingsutvalet føreslo i tillegg at plikta særskild inneber «å motarbeide fordomar og stereotypiar».

- Ein av grunnane til at vi fremjer dette kravet er nettopp at kommunar og andre offentlege etatar prioriterer bort arbeidet mot vald og trakassering i møte med andre oppgåver. Regjeringa må konkretisere kva ansvar styresmaktene har. Det er ein føresetnad for å få til meir handling for å løyse utfordringa med vald mot kvinner og jenter, seier Ørstavik.