#min8mars

- Eg vil takke alle som er med på 8. mars-toget på Facebook-sida mi, og invitere fleire til å dele parolen sin med oss på denne viktige dagen, seier likestillings- og diskrmineringsombod Sunniva Ørstavik.

 

På ombodet si Facebook-side har mange delt det dei har lyst til å seie på kvinnedagen. Eit av dei mest populære bodskapa er "stopp vald mot kvinner".

Det er også noko likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik vil bruke kvinnedagen til å setje fokus på.

- Vald mot kvinner er den ein av dei største likestillingsutfordringane vi har, og er nok også ein av dei parolane eg veljer i dag, sier ho.

Følgj det virtuelle 8. mars-toget her.

Mange viktige saker

- Sjølv om Noreg er eit av verdas mest likestilte land, står vi overfor fleire store utfordringar på kjønnslikestillingsfeltet, seier Ørstavik.

- Likelønn, rett til heiltid, jamnare deling av foreldrepermisjonen, inkludering av minoritetskvinner i storsamfunnet og arbeidslivet er óg viktige saker, understrekar ho.

- I arbeidet for likestilling og mot diskriminering treng vi engasjement. Difor blir eg glad for oppslutninga om parolekampanjen, og eg vil opppfordre folk til å fortsetje å dele si meining. Gratulerer med dagen!