Bodskap til FN

Måndag må utanriksminister Børge Brende svare på spørsmål frå FNs menneskerettspanel. Like før påske dro Likestillings- og diskrimineringsombodet til Genève, for å komme med innspel om kva FN bør utfordre Noreg på.

Kvart fjerde år må Noreg svare på spørsmål frå FNs menneskerettspanel

- Innspela frå oss i år gjekk på områda vald, hatefulle ytringar og tvang i psykiatriene, fortel Guri Gabrielsen, avdelingsleiar i LDO.

- Vi meiner at Noreg må iverksetje effektive tiltak mot vald mot kvinner. Vi ønskjer ein handlingsplan med tiltakspakke mot hatefulle ytringar, seier ho

LDO meiner bruken av tvang i psykiatrien i Noreg er i strid mot menneskerettane. Det må regjeringa gjere nok med. Eg er glad utenriksministar Børge Brende no blir utfordra av FN.