Ensom gutt på en benk
Foto, Siv Dolmen

Bryt menneskerettane til barn

Ein ny rapport frå Barneombodet viser omfattande bruk av tvang mot barn på institusjon.

- Unaudsynt bruk av tvang er brot på dei grunnleggjande menneskerettane til barn, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik.

Rapporten «Grenseløs omsorg – om bruk av tvang mot barn i barnevern og psykisk helsevern» viser òg at borna opplever tvangsbruken som skremmande, krenkjande og traumatiserande.

I ein kronikk i Dagbladet tysdag skriv barneombod Anne Lindboe at tvangsbruken er oppsiktsvekkande og omfattande. Ho fortel om barn heilt ned mot sju år som vert lagt i bakken med såkalla politigrep. Lindboe meiner rapporten avdekker fleire brot på FNs barnekonvensjon, og etterlyser tiltak frå helseminister Bent Høie og barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

- Rydd opp!

Likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik deler Barneombodet si bekymring.

- No har vi fått nok ein rapport som viser at den norske bruken av tvang er i strid med menneskerettane. Det er på høg tid at helseminister Bent Høie ryddar opp i diskriminerande bruk av tvang i psykisk helsevern, seier ho.

Unaudsynt bruk av tvang overfor barn med psykiske lidelser er ikkje berre brot på barnekonvensjonen, det er òg i strid med FNs konvensjon for personar med nedsett funksjonsevne.

Krev lovendring

Likestillings- og diskrimineringsombodet gav i desember 2013 ut rapporten «Rett til frihet, personlig trygghet og likeverdige helsetjenester for personer med psykososiale funksjonsnedsettelser». Han konkluderte med at den norske tvangslovgivinga er i strid med menneskerettane, og må erstattast med eit ikkje-diskriminerande regelverk.

LDO jobbar no med sluttføringa av ein rapport til FN der diskriminerande bruk av tvang er eit viktig tema. Rapporten vert lansert seinare i haust.