Pandemien er ikkje ein grunn til å sette diskrimineringsregelverket til side. Ombodet har åtvara Helsedirektoratet om verknaden av generelle råd om smittervern etter at ei jente vart nekta følgeperson på svømmeskule.

Sjølv om vi forhåpentlegvis er inne i den siste fasen til pandemien, er kvardagen framleis prega av ei rekke smittervernråd. Råda skal verte følgde, men nokon gongar kan dei få store konsekvensar. Dette ser ombodet stadig uheldige døme på.

Vi har over tid vore i dialog med ein forelder til eit barn som har hatt behov for følgeperson på eit svømmekurs på grunn av epilepsi. Idrettsklubben hadde sagt at ingen foreldre fekk vere med grunna smittevern og innskrenking i tal på personar innandørs. Dei kunne samtidig ikkje garantere at jenta fekk tilstrekkeleg hjelp dersom ho skulle få eit epilepsianfall.

Kan ramme fleire

Slik ombodet ser det, kan det vere indirekte diskriminering på grunn av nedsett funksjonevne, og i strid med likestillings- og diskrimineringslova, å forby foreldre å vere med på svømmekurs. Dette er fordi barnet blir stilt dårlegare enn andre på grunn av funksjonsevne, sjølv om forbodet mot å ha med foreldre er tilsynelatande nøytralt og gjeld for alle.

Etter at ombodet kontakta svømmeklubben, fekk jenta ha med seg ein følgeperson. Ombodet takkar klubben for at det no blir gjort individuelle vurderingar.

Det kan vere mange som er i same situasjon som denne jenta og foreldra hennar, og ombodet har i ettertid tatt kontakt med Helsedirektoratet. Her uttrykte vi bekymring for korleis slike generelle anvendingar av smittevernråda kan slå ut.

Oppfordrar til varsemd

For at noko skal vere lovleg ulikebehandling, må ulikebehandlinga vere sakleg, nødvendig og ikkje uhøveleg inngripande. I mange tilfelle vil smittevernhensyn vere sakleg å vektlegge, men ikkje alltid nødvendig og høveleg. Reglane føreset at det blir gjort individuelle vurderingar i kvart enkelt tilfelle.

Helsedirektoratet erkjenner at smittevernreglene er komplekse, men at råd og oppmodingar opnar for individuelle vurderingar og bruk av skjønn. Direktoratet har òg forsikra om at omsynet til personar som treng følgeperson eller følgje på grunn av funksjonsevne skal bli tatt med i det vidare arbeidet med regelverket.

- Vi er framleis i ein ekstraordinær situasjon, der smittervernråda kan vere vanskeleg å praktisera i nokon samanhengar. Derfor er det ekstra viktig å forsikre seg om at råda ikkje slår særleg uheldig ut for menneske med behov for tilrettelegging. Eg er glad for at Helsedirektoratet òg ser alvoret i dette, seier ombod Hanne Bjurstrøm.

 

Treng du hjelp eller rettleiing?

Har du opplevd tilsvarande, eller er du usamd med ein praksis på bakgrunn av regelverket kring diskriminering, kan du klage til Diskrimineringsnemnda

Er du usikker på lovverket, eller treng rettleiing i ei konkret sak? Ta kontakt med rettleiingavdelinga vår.

Vil du vite meir?

Gå til ombodets temaside om pandemien og se vår redegjørelse av diskrimineringsvernet.

Vil du ha nyheitsbrev frå LDO? Send epost til media@ldo.no