Kjønnsbasert vald og trakassering

Det er mange former for kjønnsbasert vald og trakassering som fyrst og fremst rammar kvinner og jenter. Blant anna kan det vere kjønnsbasert vald i nære relasjonar som fysisk, psykisk, seksuell og økonomisk vald, inkludert mishandling, valdtekt, kjønnslemlesting, tvangsekteskap og drap. Valden kan skje uavhengig av om valdsutøvaren bur eller har budd saman med offeret.

Andre former for kjønnsbasert vald kan skje i det offentlege rom. Det kan vere seksuelle overgrep, vald og trakassering av kvinner og jenter, som til dømes valdtekt, seksuell trakassering, seksuelle overgrep mot barn, pornografi eller anna utnytting for seksuelle formål som prostitusjon og menneskehandel og kjønnsbasert forfølging. Dette kan utførast av framande eller kjenningar.

Kjønnsbasert vald og likestilling

Mangel på likestilling mellom kvinner og menn knytt til makt og status i samfunnet, kjønnsstereotype oppfatningar og tradisjonelle kjønnsroller, er dei underliggjande hovudårsakene til kjønnsbasert vald og trakassering.

Dette er ei alvorleg form for diskriminering som inkluderer alle typar vald som utøvast mot eit menneske sin vilje – med utgangspunkt i offeret sine biologiske eller sosialt bestemte kjønnsforskjellar.

Det rammar særleg kvinner og jenter, men også menn og gutar som bryt med kjønnsstereotype oppfatningar, sosialt aksepterte kjønnsroller og posisjonar knytt til kjønn i samfunnet. Begge kjønn kan vere utøvarar av kjønnsbasert vald og trakassering, men det er flest menn som er valdsutøvarar.

Kjønnsbasert vald og trakassering kan ha enorme konsekvensar for den fysiske, psykiske og seksuelle helsa, økonomien, utviklinga og identiteten til valdsutsette.

Ombodet sitt arbeid med kjønnsbasert vald

Myndigheitene har ansvaret for å førebyggje kjønnsbasert vald, gi vern og bistand til offer for kjønnsbasert vald og etterforske, påtale og straffe kjønnsbasert vald og trakassering. Dette ansvaret er forsterka gjennom Europarådets Istanbulkonvensjon, som blei bindande for Noreg frå 2016.

Likestillings- og diskrimineringsombodet fører tilsyn og rapporterer på norske myndigheiter si oppfylling av forpliktingane etter FNs kvinnediskrimineringskonvensjon.

Dersom myndigheitene ikkje tek dette ansvaret på alvor, kan det bryte med fundamentale menneskerettar og derfor også brot på internasjonale forpliktingar.

Sjølv om norske myndigheiter stadig tek større ansvar for førebygging og kamp mot kjønnsbasert vald og trakassering, er det likevel eit gap mellom politiske mål og resultat.

Noreg har store utfordringar som krev samansette løysingar i eit heilskapleg system – med ei heilskapleg tilnærming. Det har vi ikkje i dag. Det er stort behov for koordinering og integrering, både på øvste politiske nivå nasjonalt og på tiltakslevering i den enkelte kommunen. Det trengst auka ressursar og tydelegare ansvar for gjennomføring.

Vald i nære relasjonar i fokus

Både menn og kvinner er utsett for denne forma for vald, men forsking viser at kvinner i langt større grad enn menn er utsett for vald i nære relasjonar, og då særleg den grove valden og partnardrap.

Ombodet ser derfor fram til den nye nasjonale, sektorovergripande handlingsplanen mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar som skal kome i løpet av 2020, og til å kome med vidare innspel til denne.

Blant forventningane våre er:

  • å sikre at kommunane gjennomfører dei konkrete tiltaka som må til for å sikre retten innbyggjarane har til eit liv utan vald. Då må myndigheitene krevje gode handlingsplanar som behandlast, og som blir følgt opp på kommunestyrenivå i den enkelte kommunen.
  • at det setjast inn valdskoordinatorar i alle kommunar som sikrar kommunen si implementering og oppfølging av planlagte tiltak.
  • at krisesentertilbodet skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad, kjønn, funksjonsevne, språkkunnskapar, alder osv.

Tausheit tek liv

Tausheit tek liv er ein årleg kampanje for å kjempe mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar og partnardrap. Saman med Krisesentersekretariatet vil vi bidra til å førebyggje ved å stille krav til myndigheitene og spreie kunnskap til hjelpeapparatet og folk generelt.

I 2019 rettast søkjelyset mot politikarane og kommunane sine forpliktingar til å førebyggje og kjempe mot vald og overgrep i nære relasjonar.

Kampanjen har utvikla ein gratis kurspakke til kommunale leiarar, og utfører ei kartleggingsundersøking av arbeidet mot vald i norske kommunar og kampanje i sosiale medium fra den 25. november til den 10. desember for å bidra til å førebyggje vald i nære relasjonar og partnardrap.

På Tausheit tek liv-sida kan du lese meir om dette temaet.

 
Du kan også følgje kampanjen på Facebook og Instagram: