1. oktober starta Hanne Bjurstrøm som dommar og nestleiar i Arbeidsretten, etter at åremålet som likestillings- og diskrimineringsombod var over.

Frem til eit nytt ombod er på plass, vil nestleiar May Schwartz mellombels ta over Bjurstrøm sine oppgåver.

Schwartz er jurist, og har jobba i LDO sidan 2006. Dei siste åra har ho leda ombodet si tilsynsavdeling.

Det er venta at eit nytt ombod blir utnemnd innan utgangen av året.

Newsletter