Likestillings- og diskrimineringsombod Beate Gangås har sendt brev til justis- og politidepartementet med krav om ei utgreiing i saka om forbud mot hijab i politiet. Det kan vera i strid med norsk lov å nekte nokon å bruke hovudplagg på jobb.

I brevet ber Gangås mellom anna om ei utgreiing på følgjande punkt:

• Kva gjer eit forbod mot hijab eller andre religiøse hovudplagg nødvendig?

• Kva saklege grunnar meiner Justis- og politidepartementet begrunner eit forbod mot hijab saman med politiuniformen?

• Kva legg departementet i omgrepet ”verdinøytral uniform"? Kva prinsipiell forskjell er det i den samanheng på bruk av hijab i forsvaret og tollvesenet i forhold til i politiet?

• Det kjem fram av ei rekkje rapportar at tilliten til politiet er lavast blant minoritetsbefolkninga. Korleis vurderer departementet omsynet til høg tillit blant minoritetsbefolkninga når det gjeld spørsmålet om å tillate å bære hijab til politiuniformen?


I fleire tidlegare saker har Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) konkludert med at forbod mot hijab eller turban på arbeidsstaden er lovstridig.

- Departementet må kunne vise til saklege grunnar som til dømes sikkerheit og hygiene til for å nekta politiet å bruke hijab. Eit forbod kan i prinsippet innebere eit yrkesforbod, seier Beate Gangås.  

 
Justis- og politidepartementet har frist fram til 20. mars med å svare på brevet. Dersom svaret ikkje er godt nok, kan konklusjonen bli at departementet har brote diskrimineringslova. Justis- og politidepartementet vil då ha moglegheit til å anke saka inn for Likestillings- og diskrimineringsnemnda.

Les brevet sendt til justisdepartementet 27.02.2009

        Relaterte saker:

 

Bookmark and Share